home icon Hjem Hjelp Nyttig å vite

Latest Articles:

Nyttig å vite

Her finner du informasjon om blant annet springflo, stormflo, tidevannsklokker og bygging i strandsonen.

 

Tidevatnet i Tromsø i løpet av ein månad. Figuren viser to nipp- og springperiodar.

Tidevatnet i Tromsø i løpet av ein månad. Figuren viser to nipp- og springperiodar.

Springflod
Springflod har me etter kvar full- og nymåne. Perioden rundt full- og nymåne kallar me spring og i denne perioden er floda på det høgste og også fjøra lavast. Ved halvmåne er det nipperiode og minst skilnad mellom flod og fjøre. Korleis heng dette saman?

Det er tiltrekningskrefter mellom jord, sol og måne som gjer at me har tidvatn. Månen roterar rundt jorda med ei periode på ca 28 dagar og jord, sol og måne vil to gangar i løpet av ei periode, ved full- og nymåne, stå på linje og tidvasskreftene frå sol og måne vil verke i lik retning og forsterke kvarandre. To gangar i perioden, ved halvmåne, vil tidvasskreftene frå sol og måne verke i kvar si retning og motverke kvarandre Ved full og nymåne, når måne og sol verkar i lik retning, har me springperiode og størst skilnad på flod og fjøre. Ved halvmåne, når sol og måne verkar i ulik retning, har me nipperiode og minst skilnad mellom flod og fjøre.
 
Maks flod vil inntreffe eit  par dagar etter full- og nymåne. Denne forseinkinga kallast tidvatnets alder. Dette vil ikkje gjelde på Sør- og Austlandet der maks flod vil inntreffe like før full- og nymåne. På grunn av månens ellipsebane rundt jorda vil den eine springfloda vere større enn den andre i ei 28 dagars periode. Springflod må ikkje forvekslast med stormflod som har med meteorologiske forhold å gjere. Du kan lese meir om spring og nipp her.

 

 

Frå stormflod i på Bryggen i Bergen under stormen Inga, 12 januar 2005. Foto: Eirik Hagesæther

Frå stormflod i på Bryggen i Bergen under stormen Inga, 12 januar 2005. Foto: Eirik Hagesæther

Stormflod
Stormflod er ekstremt høg vasstand forårsaka av vêr og vind. Med ekstremt høg vasstand meinast vasstand som går over vanleg springflod (som me har to gongar i månaden grunna tiltrekningskrefter mellom jord, sol og måne). Stormflod og springflod må ikkje forvekslast med kvarandre.

I periodar med lågtrykk og kraftig vind kan vêrets verknad på vasstanden verte stor. Kraftig vind hovudsakleg frå sør og sørvest kan gje oppstuving inn mot kysten, og som ein tommelfingerregel vil vasstanden endre seg 1 cm pr. mbar endring i lufttrykk, lågtrykk vil gje høgare vasstand. Dersom slike vêrforhold fell saman med ei springperiode kan vasstanden verte ekstra høg og me kallar det stormflod. Stormflod kan også oppstå ved ein stormsituasjon med vind frå nordleg retning. Denne kan gje oppstuving sør i Nordsjøen som vidare set opp ei bølgje som kan forplante seg nordover langs kysten av Noreg når vinden løyar. Me kan soleis få stormflod utan at den sterke vinden merkast ved land. Les om eit slikt tilfelle i 1990 her. På Sør- og Austlandet der tidvatnet er lite kan me få stormflod også utanfor springperioden. Les meir om stormflod her.

 

 

Typisk tidevassklokke

Typisk tidevassklokke

Tidvassklokke og hamnetid
Det finnast etter kvart ein del klokker med innstilling for tidvatn, og spørsmål om korleis desse skal stillast inn dukkar opp frå tid til anna. Klokkene gjer bruk av hamnetid som er ei gammal metode for å finne høg- og lågvatn. Hamnetida på ein stad er eit uttrykk for tida det går frå månen står i sør til fyrste flod inntreff. I ei 14 dagars periode (ei nipp-spring periode) vil hamnetida ha ein bestemt variasjon, avviket vil vere på +/- 40 minutt (enkelte stadar kan avviket vere større).
 
Meir utfyllande om tidvassklokker kan du lese her, eller finn informasjon om hamnetider her.

 

Bygging i strandsona
Har du planar om bygging i standsona? Då kan det vere nyttig å vite kor høg vasstand det har vore målt i området. For å unngå skade ved tilfelle av stormflod er det viktig å ha kjennskap til dette. Under Tidevannsnivåer finnast oversikt over høgaste observerte vasstand ved våre 23 målestasjonar. Bølgjer i overflata kjem i tillegg til desse måla. I desse skissene finnast også statistiske berekningar for kor ofte ein gitt vasstand er forventa å inntreffe, les meir om dette under returperioder/gjentaksintervall. Mange kommunar har reglar for kvar byggegrense går, undersøk gjeldande reglar med kommunen.

 
Vasstand kva er det?
Når det er snakk om vasstanden i havet meinast kva nivå havet har til ei kvar tid både på flod og på fjøre sjø. Vasstanden vil variere på grunn av tidvatnet og meteorologiske forhold. I Noreg vil me ha flod og to fjøre to gangar i løpet av eit døgn og skilnaden mellom flod og fjøre vil variere med månefasen. Det er også store variasjonar langs kysten. Frå Stavanger og sør- og austover er tidvasskilnaden liten. Det er vanleg å sjå på skilnaden mellom middel spring høgvatn og middel spring lågvatn som eit mål på storleiken på tidvatnet. I Stavanger er denne skilnaden på 46 cm, lenger sør og aust er den enno mindre (finn meir informasjon om dette under vasstandsnivå). Sør og søraust i Noreg vil soleis vêrets verknad på vasstanden vere dominerande og grunnen til at me kan få ekstra høg vasstand her. Lenger nordover langs kysten er skilnaden mellom middel spring høg- og lågvatn større, frå 122 cm i Bergen og opp til 261 cm i Vardø. På det meste kan skilnaden mellom flod og fjøre i Vardø i ei springperiode (ved ny- og fullmåne) kome opp mot 350 cm. I område der tidvatnet er stort vil det meteorologiske bidraget utgjere ein prosentvis mindre del av vasstanden enn sjølve tidvatnet. Dersom ekstreme vêrtilfelle skulle inntreffe ved lågvatn eller i ei nipperiode vil dette ikkje merkast som ekstrem vasstand.